søndag 4. november 2018

SKULEHELSETENESTE



I Tanzania er det tett oppfølging av barn til dei vert 5 år. Jevnlige kontroller på helsesenter, der det vert utført vaksinering i tillegg til vektkontroll og veiledning. Men i skolealder er det lite og ingen oppfølging, det er ikkje noko helsepersonell tilgjengelig på skulen.

TICC/HAMA har eit program som heiter «school health». Sjukepleierstudentar reiser til ulike skular ilag med Mama Faith og personar som kan oversette. Der vert det utført mange oppgåver til barn som «helselærar» meiner treng hjelp.

Eg har vore 4 veker i skulehelseprogrammet, noko eg opplever som veldig givande. Føler vi får hjelpe mange trengande barn med sårstell, identifisere hudproblem og gi behandling, oppdage tannproblem og får følge dei vidare til tannlege, følge barn som har redusert syn til optiker. I tillegg utfører vi heimebesøk til barn der vi ynskjer å undersøke heimeforholda litt meir.

Det er ein god følelse å kunne bidra til litt bedre helse for nokre skulebarn her i Tanga 😀

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar