tirsdag 25. september 2018

JAMBO


Eg kom til TICC (Tanga International Competence Centre) 12.september. Her skal eg jobbe som solidaritetssjukepleier i 3 mnd. Eg bur i NSF sin bungalow (bildet), den vert kalla Afya som betyr helse på Swahili.

På denne korte tida eg har vore her, har eg vore med til eldrehjem, vore med på heimebesøk til psykisk sjuke, deltatt på skulehelseteneste og helsestasjon. Eg har også fått informasjon om arbeid som vert gjort ved barneheim og ulike kampanjer.

Eg har vorte tatt veldig godt imot, folk smilar og ønsker meg velkommen. Eg trur fyrste dagane var Karibu (velkommen) eit av dei orda eg høyrte mest.

Denne veka deltek eg på introduksjonskurs ilag med 18 nyankomne sjukepleierstudentar, 5 vernepleiestudentar og 2 psykologistudentar. Då skal vi mellom anna lære litt Swahili, lære om kultur og tradisjon i Tanga og Tanzania, helse- og utdanningssystemet mm.

Eg gleder meg til det vidare oppholdet her, og håper eg kan vere ein støttespelar for TICC den tida eg er her.


-Wenche G. S.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar