lørdag 6. oktober 2018

CHILDREN UNDER FIVE


Denne veka har eg ilag med sjukepleierstudentar og veiledarar frå TICC vore på to ulike helsesenter i Tanga. Det har vore spennande dagar for oss alle, og kanskje spesielt for meg sidan eg er helsesøster. 
Mykje av det eg har sett, har gitt godt inntrykk. Ikkje minst er det fint å oppleve den store interessen det er for å vaksinere barna. Iflg vår veileder i «children under five» programmet, er det nesten 100% oppslutning om vaksineringa. Og tilbudet som barna får om vaksiner er som i Norge, bortsett frå litt andre intervall og ikkje vaksine mot kusma. Ikkje minst var det imponerande å sjå effektiviteten når ein skal sette vaksiner! 6-7 mødre med barn satte seg ved siden av kvarandre på ein benk, og på svært kort tid hadde alle barna fått alle vaksinene dei skulle ha den dagen. Deretter var det inn med ny gruppe mødre. 
Vaksinene som barna får, vert registrert både på helsekortet til barnet, i tillegg til digitalt i eit nasjonalt register, slik greier ein å ha oversikt over kven som har fått dei ulike vaksinene.
Og vi veit at vaksinering nyttar, mellom anna har meslingvaksine bidratt til at det er flere hundre tusen færre som døyr av denne sjukdomen i verden enn det var i år 2000.

Å følge med på barnet si vektutvikling er også viktig, og vert gjort av alle barn på helsesenteret ca x1 pr mnd til barnet er 5 år. I etterkant vert det gitt veiledning dersom barnet er under- eller overvektig. Det er dessverre ikkje alltid så mykje ressursar eller rom til å kunne gi denne veiledninga individuelt, så det er ikkje uvanleg at denne type «konsultasjon» vert gitt medan mange andre mødre høyrer på.


Det som er stor forskjell her i Tanga ifht i Norge, er at du får ein dag du skal kome til helsestasjonen, men ikkje noko klokkeslett. Dette gjer at det vert mykje venting og veldig folksomt både i område der veging foregår (bildet), og der som ein skal inn til vaksineringa.

Eg har hatt ei flott veke på "children under five", og gleder meg til fortsettelsen av opphaldet her i Tanga og  TICC :)

-Wenche G. Sætre-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar