onsdag 21. november 2018

KVARDAGSLIV

Eg var heldig som fikk vere ilag med ei lokal familie i ein dag. Vi vart tatt hjerteleg imot, og følte oss veldig velkomne heile dagen. Det var veldig interessant å sjå korleis kvardagslivet kan fungere her i Tanzania. 
Matlaging tok ein stor del av tida til denne familien, og alle var delaktige i arbeidet på eit eller anna vis. Den minste jenta på 3 år kunne også bidra, med å gå å hente matolje hos naboen som hadde ein liten butikk. Ein annen gut i familien hadde flasker med melk bak på sykkelen, for så å sykle rundt å selge den. 
Det var heilt naturleg for borna å delta i ulike arbeidsoppgaver, og ingen som klaga over det. Å sette seg ut med ein balje med vatn for å vaske skoleuniform, vart gjort med eit smil. 
Dette er ei familie som har tilgang på gode råvarer, og har grei økonomi. Det er dessverre mange familier her i Tanga som ikkje har økonomi til å servere varierte og gode måltid iløpet av en dag, og der kvardagen handlar om å kunne skaffe eit til to måltid for si familie. 
For oss var det flott å sjå smila, samhaldet og gleden i denne familien. Og ikkje minst den hjertevarmen som allle viser. Vi kjem gjerne igjenn ❤️ Asante sana

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar