lørdag 8. desember 2018

KWAHERI

Då er mine 3 mnd som solidaritetssjukepleier på TICC over.
Eg har vore mest i skulehelseteneste og family support programma. Det har vore flott å få følge saker frå vi «fanga dei opp» i skulen, til oppfølginga vidare i family support. 
Ein vanlig kvardag for meg har vore omtrent slik:
Frukost kl 07:30. Avreise frå TICC med «daladala» (minibuss) 08:30 ilag med sjukepleierstudentar, oversettarar og programansvarlig i skulehelsetenesta. Bussturen er ca 1/2 time, då er vi godt sveitt før vi kjem fram til ein skule 😅
I tillegg til samtale og sårstell av elevar, har vi siste vekene vore innom 6 skular for å ha oppfølging ifht førstehjelpsskrin som vart utdelt til desse skulane i mai 2018. Vi har fått samtale med lærarar og elevar som er i helseklubbar på skulane, i tillegg til å høyre om erfaring med førstehjelpsskrina. På nokre av skulane har skrinet vore mykje i bruk ifht sårstell, medan andre skular var usikre og fikk difor litt meir opplæring frå oss om sårstell.

Det har vore kjempeflott å bu på TICC, servicen er heilt topp, i tillegg er det god og trygg mat som vert servert der. Berre det å få servert salat og frisk frukt kvar dag, var eit stort pluss. Ein vert godt kjent med dei som jobbar der, i restauranten, resepsjonen, reinhaldarane, administrasjonen m.fl. Det er koselig å  verte møtt med eit smil og «habari» eller «mambo» når du treffer nokon. 

Eg håper at eg har vore til støtte for HAMA/TICC og sjukepleierstudentar som har hatt sin praksis der. 
For meg har dette vore som ei eventyrreise, og eg drar heim med veldig mange gode minner og erfaringar som eg vil ha god nytte av i min jobb som helsesøster i Norge.

Ein stor takk til norsk sjukepleierforbund som gav meg denne fantastiske muligheita til å få jobbe som solidaritetssjukepleier i Afrika ❤️


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar